Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Rennesøy kommune

Det gode liv - på dei grøne øyane

Kommunevåpenet

Motivet til kommunevåpenet i Rennesøy, to sølvfarga krumstavar på blå bakgrunn, er henta frå Utstein Kloster som ligg på Klosterøy. Dette er unikt som det einaste bevarte middelalderklosteret i Norge.

Klosteret vart eigentleg etablert som kongsgard for Harald Hårfagre på slutten av det 9. århundre. Rundt år 1200 bygde Magnus Lagabøter det som i dag er Utstein Kloster, og som han ga vidare til Augustinarordenen. Frå 1265 og fram til reformasjonen i 1537 vart klosteret drive som eit Augustinarkonvent.

Abbeden var den øvste leiaren ved klosteret, og krumstaven var eit symbol på embetsmakta hans. Kulturstyret i Rennesøy ynskte å bruke eit motiv frå Utstein Kloster i kommunevåpenet, og Riksantikvaren foreslo då å velje krumstaven.

Den lokale kunstnaren Svein Magnus Håvarstein fekk i oppdrag å utforme våpenet, som vart godkjent i Kgl. Statsråd i 1981.

Kontakt

Rennesøy kommune
Postboks 24
4159 Rennesøy


Følg oss:



Kommunenummer:         1142
Organisasjonsnummer:  964 979 545