Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Rennesøy kommune

Det gode liv - på dei grøne øyane
Turgåere på Dale, Rennesøy.   Foto ved Nono Dimby

Turgåere på Dale, Rennesøy. Foto ved Nono Dimby

Natur og friluftsliv

Naturen
Kulturlandskapet på Rennesøy er forma gjennom tusen av år. Klimaet er maritimt, mildt og fuktig. Gjennomsnittleg nedbørsmengde er 1300 mm. pr. år. Geografiske plassering, det gunstige klimaet og mangfaldet av naturtyper gjev variasjon i dyre- og planteliv. Øyane i dette området er grøne mesteparten av året. Dyrelivet er rikt både i tal dyregrupper og tal av artar i kvar gruppe. I den seinare tid har bestanden av hjort auka. Spesielt er mange marine fuglearter og fisk registrert. Det er to naturreservat, Bjergavatn og Førsvollvatn, som har rikt og variert fugleliv. Nordre Rennesøy Fuglefredingsområde ligg like aust for E-39 og er ein viktig hekke- og rasteplass for ei rekkje gjæser, ender og vadefuglar. Kommunen har fleire gråhegrekoloniar og ein av Noregs tettaste bestandar av ramn.

Mykje av berggrunnen er næringsrik og forvitrar lett. Dette gjev ofte rik flora. Bakkane ned mot Mastrafjorden er eit artsrikt eldorado og her finn ein blant anna orkidéen vårmarihand. Dei høgast liggjande områda på Rennesøy består av ein god del kystlynghei. Den er skapt gjennom ein tusenår lang tradisjon med slått, brenning og beiting i utmarka.
 
Friluftsliv
Dei åtte øyane byr på store moglegheiter for båtfolk, naturelskarar, kultur- og historieinteresserte. Den lange kystlinja kan gje gode fiskeopplevingar anten frå båt eller land. Gjestehamner, badeplassar og friområder er avmerka på kart. I tillegg er det mange naturlege badeplassar. Ynskjer ein god utsikt og flott landskap vert turstiar anbefalt.

Hugs: Lat att grinder, ha hunden i band og ver varsam med natur og husdyr. "Det er vi som er gjestar i naturen".



Kontakt

Rennesøy kommune
Postboks 24
4159 Rennesøy


Følg oss:



Kommunenummer:         1142
Organisasjonsnummer:  964 979 545