Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Rennesøy kommune

Det gode liv - på dei grøne øyane

Kultur og historie

Kultur og historie

Rennesøy er ein av kommunane i Noreg som har flest registrerte og høgast tettleik av fornminne. Det er gjort funn av menneskeleg aktivitet heilt frå 8-9000 år f. Kr. Totalt er 480 lokalitetar og 1600 enkeltobjekt av fornminne registrert. Busetningar, gravhaugar, helleristningar, bygdeborger, steinkors, bautasteinar og klebersteinsbrot. I tillegg ei rekkje mindre gjenstandar som reiskap og smykke. Sørbø kirke og Utstein kloster er nok dei mest kjende fornminna.

Historisk har Rennesøy ein sentral plass som busetningssområde. Årsaka er nok rikeleg tilgang på mat den gong fangst, fiske og sanking var livsgrunnlaget. Da jordbruket gjorde inntog seinare, var det heller ingen grunn til å forlate området. Øyane har vore eigd av kyrkja, seinare vart dei krongods og først på midten av 1800-tallet vart bøndene sjølveigarar. Rundt 1800 budde det 942 menneske på øyane.

Rennesøy bygdemuseum består av samlingar knytt til det gamle bondesamfunnet, samt husmannsplassen Bakken. Elles er det rehabilitert ei vindmølle ved Rennesøy skule.

Harald Hårfarge etablerte kongsgard på Klosterøy seint i det 9. århundre. Rundt år 1200 bygde Magnus Lagabøter kongsgarden som i dag er Utstein Kloster. Frå 1265 og fram til reformasjonen i 1537 var klosteret eit Augustinar-konvent.

I 1539 vart Utstein Kloster plyndra. Dei to neste hundreåra var prega av forfall. Christopher Garmann overtok klosteret i 1750 og starta eit omfattande vedlikehaldsarbeid. I 1950 og 1960-årene vart klosteret på nytt restaurert. Utstein Kloster er det best bevarte middelalderklosteret i Noreg og har ei rekkje fine detaljar både inne og ute. Legg særskilt merke til altertavla, døypefonten, dei smale tårntrappene og dei gamle trea i hagen. Landskapet rundt er vakkert og velhalde. Munkane er forlengst borte, men den sakrale stemninga er framleis til stade. Det vert arrangert jazz- og klassiske konsertar i klosterkyrkja og kurs og seminarer vert haldne i lokalar med historisk sus.

Kontakt

Rennesøy kommune
Postboks 24
4159 Rennesøy


Følg oss:



Kommunenummer:         1142
Organisasjonsnummer:  964 979 545