Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Rennesøy kommune

Det gode liv - på dei grøne øyane

Informasjon om skule

Rennesøy kommune har 3 skular. På Rennesøy ligg Vikvåg skule som inntil sommaren 2016 er ein 1.-4.skule, men som frå og med sommaren 2016 vert ein 1.-7.skule. Rennesøy skule vert samstundes ein ungdomskule. På Mosterøy ligg Mosterøy skole, som er ein 1.-7.skule.

Skulane i Rennesøy arbeider etter kunnskapsbaserte og relasjonelle prinsipp. Verdibasert leiing og forskingsbasert undervisning gjennomsyrar klasserom og tankegong. I 2014 utarbeida tenesteområdet nye gjennomgåande planar innan kvalitet, lesing, utbygging og skuleutviklingsmodellar:

Lese- og skriveplan for 1-16 år i Rennesøy kommune 2014 - 2017: Lesehester med skrivekløe

Kvalitetsplan for Rennesøyskulen 2014 - 2017: Verdifull og kompetent

Kvalitetsutviklingsprogram for Rennesøy skulen : Speil og tursko

Kvalitetsplan for SFO: Aktiv og gla - på fritida

 

Rennesøy kommune har i tillegg oppretta eit Fagsenter i 2014, der kommunen arbeider systemtisk med Tidleg innsats- tiltak, og utviklar dese i alle einingane.Samstundes deltek vi i SKU - Ungdomstrinnsatsinga og Vurdering for læring - pulje 5.

Alle tiltaka set oss i stand til ei kvar tid å refleketere over og utvikle ei best mogleg undervisning for alle elevar.

 

 

Gratisprinsippet - Framleis lov med skuleturar

Aktuelle dokumenter:
 
Årsplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Rennesøy 2010 
Plan for tverrfaglig forebyggende arbeid blant barn og ungdom 

Fagplan for IKT for skolene i Rennesøy kommune 
Den Kulturelle Skolesekken 
Etablererverksted 2008 
Brønnhagen kompetansesenter 

Kontakt

Rennesøy kommune
Postboks 24
4159 Rennesøy


Følg oss:



Kommunenummer:         1142
Organisasjonsnummer:  964 979 545