Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Rennesøy kommune

Det gode liv - på dei grøne øyane
Foto: Lars Haavik

Foto: Lars Haavik

Ordførarens nyttårstale 2019

Kjære alle saman.

2019 blir eit spesielt år for oss i Rennesøy. Me har eit år igjen som sjølvstendig kommune før kommunesamanslåing med Finnøy og Stavanger 1. januar 2020.

Det politiske arbeidet dreier seg meir og meir om denne prosessen, samtidig som Rennesøy skal drivast vidare på ein god måte det året som er igjen. Det er nedsett 12 administrative grupper som arbeider med forslag til organisering av tjenestetilbudet i Nye Stavanger, og me har tre politiske arbeidsgrupper i tillegg. Dei politiske gruppene arbeider med «Lokaldemokrati og politisk organisering», «Symboler, identitet og felles kultur» og «Valg». Mange beslutningar er allereie tatt, og mange har me framleis igjen å ta stilling til.

Nye Stavanger blir ein øykommune med 37 øyar med fastbuande og ca 140000 innbyggjarar. Den nye kommunen blir også ein stor jordbrukskommune, ein av dei største i landet på tomater, egg og sau.

Me blir ein av dei kommunane i landet med flest middelalderkyrkjer,5 til saman.

2018 har vært eit år prega av stor aktivitet i Rennesøy. Me er heldige som har ei så dyktig leiargruppe med rådmannen i spissen, som har valgt å fortsetja i Rennesøy og bli med oss inn i den nye kommunen, for arbeidspresset er stort.

Me har rehabilitert Bru barnehage og Rennesøy skule dette året. Rennesøy bo og rehabiliteringssenter har fått solceller på taket, og er blitt landets smartaste sjukeheim. Solenergi ladar nødaggregat og leverer straum på nettet. Sørbø kyrkjegard er ferdig stilt. Kunstparken i Vikevåg er snart ferdig. Det same er kunstgrasbana på Mosterøy. Me er i tillegg i gang med rehabilitering av bygga på Fjøløy fort. Kommunestyret har lagt inn pengar til å oppgradera praktisk/estetisk avdeling på Mosterøy skole neste år. Store investeringar i vatn og avløpssystemet ligg også føre oss samtidig som gang og sykkelstiar skal bygjast.

Ny kyrkjestove/livsynssenter på Hausken ligg også inne i økonomiplanen vår.

Nå ventar me utolmodig på prosjekta som Statens vegvesen skal til med her i kommunen, gang/sykkelveg langs Mosterøyveien og på Sokn, og trafikksikring av mjuke trafikantar over Åmøy bru til Sokn busstasjon.

Det blir spanande om me kan få på plass ein «Hent meg» ordning for buss til hausten.

For Rennesøy sin del er det viktig å bli ferdig med rullering av kommuneplanen. Dette er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy, og skal og vera grunnlaget for politikken vidare i kommunedelen Rennesøy i Nye Stavanger.

Kommunestyret har store ambisjonar om å komma i gang med satsinga i Vikevåg sentrum før samanslåinga. Her skal det liggja eit innbygjartorg, helsesenter og det som blir igjen av kommunale administative stillingar i Rennesøy. Biblioteket skal også få ein meir synleg plass i sentrum. Det er i dag mellom 35 og 40 tilsette ved kommunehuset i Vikevåg. Me treng alle dei arbeidsplassane me kan få behalda i kommunen.

 Det me ikkje har lykkast så godt med i Rennesøy dei siste åra er å få etablert fleire nye arbeidsplassar. Områder er likevel ferdig regulert til ny næring både på Hanasand, i Vikevåg og på Askje. Det er nok berre eit tidsspørsmål før det blir auka aktivitet her. I dag er det mange som pendlar til jobb, og årsakene til det er nok fleire. Så er det jo opp til oss som bur her og støtta det lokale næringslivet. Uttrykket: «Bruk nærbutikken i dag dersom du vil behalda den i morgon», seier mykje om det.

Nytt bufellesskap for personar med rus/psykiatriproblem treng med også. Dette er planlagt på Eltarvåg, og vil vera ei prioritert oppgåve å koma i gang med.

Me har ein veldriven kommune å bidra med inn i Nye Stavanger. Kommunebarometeret vurderer alle kommunane i Norge på 142 ulike indikatorar. Rennesøy har dei siste åra vært blant dei 25% mest veldrivne kommunane i landet.

 Me har gode resultat både fagleg og trivsels messig når det gjeld skulane våre. Rennesøy skule fekk best resultat av alle skulane i Rogaland på nasjonale prøvar dette året. Samstundes har me lite fråfall frå vidaregåande skule, lite mobbing og høg trivsel i skulen. Dette vitnar om rett satsing på tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid gjennom mange år. Det blir utført eit godt arbeid heilt frå barnehagar til ungdomsskular. Me har mange dyktige tilsette. Me har og satsa på gode nye kommunale bygg. Alt dette kan me vera svært stolte av.

Befolkningsveksten har stansa opp dei siste åra, og viser nå ein liten nedgang etter at me i fleire år har hatt ein eksplosiv vekst i innbyggjartal. Me har difor overkapasitet på barnehageplassar, og god plass på skulane våre.

Arbeidsleidigheiten er låg, ca 2,1%. Sjuke fråveret blandt kommunalt tilsette er lågt. Langt under det nasjonale målet for kommunar. Skatteinngangen er over budsjettet. Tilbodet til dei eldre blir det gitt svært gode tilbakemeldingar på, og me har sjukeheimsplassar nok. Slik det er nå leiger me ut plassar til Randaberg og Finnøy. Me har mykje bra å gleda oss over ved inngangen til det nye året.

Eg vil bruka høvet til å takka alle som arbeider frivillig i Rennesøy. Det frivillige arbeidet er sjølve limet i samfunnet vårt. Mangfaldet i Rennesøy er stort frå frivilligsentralen til ungdomsarbeid og idrett. Engasjerte foreldre gjev eit godt oppvekstmiljø for ungane våre. Frivilligsentralen i Rennesøy har ca 60 personar på si liste. Arbeidet som blir drive her er alt frå kafedrift og vaffelsteiking på Bo og rehabiliteringsenteret, til leksehjelp for dei som treng det. Språkkafeen som er på biblioteket kvar måndag, er eit utruleg viktig tilbod til våre nye landsmenn som må læra norsk og knyta kontaktar i lokalmiljøet. Tusen takk til dykk alle frivillige. De gjev eit viktig bidrag til å verkeleggjera Rennesøy kommune sin visjon, «Det gode liv på dei grøne øyane».

Godt nytt år til dykk alle saman!

Kontakt

Rennesøy kommune
Postboks 24
4159 Rennesøy


Følg oss:



Kommunenummer:         1142
Organisasjonsnummer:  964 979 545