Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Rennesøy kommune

Det gode liv - på dei grøne øyane
Oversikt over områda som skal kartleggast i Rennesøy kommune, utvalde område for kartlegging er markert med oransje

Oversikt over områda som skal kartleggast i Rennesøy kommune, utvalde område for kartlegging er markert med oransje

Kartlegging av natur i Rogland 2019

Miljødirektoratet startar i juni ei kartlegging av naturtypar i utvalde område i Rogaland. Biologer frå Biofokus og Ecofact Sørvest har fått oppdraget.

Arbeidet ein del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur, vedteke av Stortinget i 2015. Data som vert innhenta i felt vil mellom anna bli brukt i arealplanprosessar. Det vil bidra til ein effektiv og lik handsaming slik at det blir lettare å ta rette avgjerder også med omsyn til naturverdiane i regionen. Kartlegginga vil vere nyttig for grunneigarar, mellom anna om dei søkjar tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskap, eller støtteordningar som SMIL og regionalt miljøprogram (rmp).

Miljødirektoratet har valt 105 ulike naturtypar som skal kartfestast. Desse naturtypane er raudlista (trua) i Noreg, eller viktige leveområde for trua og nær trua artar. For Rennesøy kommune sin del gjelder det fire områder fordelt på Bru, Askje, Mosterøy og Fjøløy. Kartlegginga skjer til fots og registreringane skjer etter standardisert system som heiter Natur i Noreg (NiN). Ferdige kart (Fig. B) vil bli tilgjengelege via naturbase (http://kart.naturbase.no).

All ferdsel skjer i tråd med friluftslova og reglar for god ferdselskultur. Det kan vere naudsynt å gå på/langs innmarksareal. Om det er særskilte omsyn som må takast i samband med ferdsel, eller du ikkje samtykker til anten ferdsel på din innmark eller uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, bes du kontakte Fylkesmannen i Rogaland, sjå kontaktinformasjon.

Meir informasjon om kartlegginga på fylkesmannen sine sider: https://www.fylkesmannen.no/naturtypekartlegging2019



Kontakt

Rennesøy kommune
Postboks 24
4159 Rennesøy


Følg oss:



Kommunenummer:         1142
Organisasjonsnummer:  964 979 545